Bokpod i Oppland

Lytt til bokpresentasjoner. Nettside og arkiv for lydfiler (podcast).

© Samlaget

Forlaget skriver om boka:

Saman med klassekameraten Aian bryt ho seg inn i huset, og før dei veit ordet av det er dei i Nattlandet, på flukt frå Nattdronninga Nera som er ute etter Anna. Dette er endå ei spennande bok frå Kaaberbøl, og lik Skammarserien reflekterer denne boka over det eksistensielle spørsmålet: Kven er eg, eigentleg?

Jostein A. Ryen, Barnebokkritikk.no:
"Skuggeporten åpner døra til en verden som låner friskt fra de store klassikerne innen sjangeren, men som likevel fremstår som original og troverdig. En forlest fantasyleser vil nikke gjenkjennende til trekk fra Narnia og ”Landet i det fjerne”, men her er også mye nytt og spennende."

Innlest av Hanne Blien ved Gjøvik bibliotek.

Ønsker du å låne boken på ditt lokale bibliotek? Følg denne lenken til: bibliotekportalenoppland

Prosjektansvarlig er Oppland fylkesbibliotek ved Olav Birketveit. For kontakt, søk på bok, mere info, flere podcaster eller digitale tjenester: http://www.bibliotekportalenoppland.no

© Samlaget
Hør bokomtalen her 

Forlaget skriver om denne boka:


Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?

Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!

Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk. Tonje Glimmerdal er allereie seld til fleire land.

Innlest av Randi Nordlien Berg ved Nord-Fron bibliotek.

Ønsker du å låne boken på ditt lokale bibliotek? Følg denne lenken til: bibliotekportalenoppland

Prosjektansvarlig er Oppland fylkesbibliotek ved Olav Birketveit. For kontakt, søk på bok, mere info, flere podcaster eller digitale tjenester: http://www.bibliotekportalenoppland.no