Bokpod i Oppland

Lytt til bokpresentasjoner. Nettside og arkiv for lydfiler (podcast).

© Aschehoug

Marta Norheim, NRK skriver:

Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland er ei riktig god bok, av den typen ein kallar ein ”lovande debut”. Men den som ventar seg noko i retning det sublime suset frå Baudelaires reisedikt eller djupdykk i kva som får unge norske menn til å oppsøke krigen i Afghanistan, får nok ikkje forventningane oppfylt.

Det vi derimot får, er ei velkomponert og gjennomarbeidd historie for fire stemmer. To av dei unge mennene, ei mor og ein nabo får føre ordet i kvar sin bolk av romanen. Dermed får ein eit samansett og nyansert bilde av livet i ei lita bygd, av bindingar og gnisningar mellom folk, og av arbeidet dei unge mennene har med å finne ut av kva dei sjølv vil i spenningsfeltet mellom det foreldra ventar av dei og det kameratane vil ha dei med på. Og dermed er vi ganske tett på den typiske norske debutromanen likevel.
Tilbake i kvar si kiste

Det høyrer med til historia at de tre afghanistanfararane kjem tilbake i kvar si kiste. Eventyret fekk ein brå slutt, og slik blir dette også ein roman om kva sorg gjer med eit bygdesamfunn.

Dette teiknar Flatland med stor sans både for detaljen og nyansen. Det er godt gjort og som sagt lovande, men likevel kjennest det som ein mangel ved romanen at sjølve motivet for å dra til Afghanistan er såpass overflatisk teikna.

Det liknar til forveksling på reisedraumane dei fleste unge menneske har: Anten for å kome seg vekk heimefrå, eller for å kome seg til ein annan stad. Det som sit att etter lesinga av ”Bli hvis du kan. Reis hvis du må.” er først og inntrykket av oppvekst i bygde-Noreg.

Forlaget skriver:
Denne romanen tar utgangspunkt i tre unge barndomsvenner - Tarjei, Trygve og Kristian - og deres beslutning om å verve seg til de norske styrkene i Afghanistan. Ingen av de tre kommer tilbake. Hvorfor dro de egentlig? Hva med de som er igjen? Hvilke krefter påvirker våre veivalg - bli eller reise?
Romanen handler om å vokse opp i, være omgitt av og bryte opp fra en trygghet som ikke lenger kjennes trygg. Rammen er lokalsamfunnet guttene kommer fra. Kapitlene gir stemme til to av guttene, og to av de som står dem nær.
Bli hvis du kan. Reis hvis du må er et modent debutantarbeid med et finstemt litterært uttrykk. En sår og varm bok med en stille desperasjon.

Innlest av Dagfrid Rein Gullord fra Gjøvik bibliotek.

Ønsker du å låne boken på ditt lokale bibliotek? Følg denne lenken til: bibliotekportalenoppland

Prosjektansvarlig er Oppland fylkesbibliotek ved Olav Birketveit. For kontakt, søk på bok, mere info, flere podcaster eller digitale tjenester: http://www.bibliotekportalenoppland.no/

Overnevnte lydfil følger under som video: