Bokpod i Oppland

Lytt til bokpresentasjoner. Nettside og arkiv for lydfiler (podcast).

© Samlaget
Hør bokomtalen her

Lars Mæhle
(f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Boka blei kåra til årets beste barne- og ungdomsbok på nettstaden poeten.no, og filmen basert på boka har premiere hausten 2010. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Lars Mæhle har skrive fleire bøker for yngre barn, m.a. dei elleville bøkene om tospannet Harry og Ivar. Den første av desse, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er omsett til dansk. Mæhle har studert ved Universitetet i Oslo der han har teke hovudfag i litteraturvitskap. Han har arbeidd som skribent, meldar og forlagsredaktør.
(Kilde: Samlaget) 

Ønsker du å låne boken på ditt lokale bibliotek:
Følg denne lenken 


Formidler:
Tina Halkinrud, Jevnaker folkebibliotek

Redaktøransvar:
Olav Birketveit, Oppland fylkesbibliotek

Digitale tjenester
http:/www.bibliotekportalenoppland.no

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar